Forside
2026
Ose Matmarknad 11-12 juli 2026
Skysstasjonen på Ose var eit knutepunkt der langvegsfarande møtte bygdefolk, og der nytt og gamalt kunne utvekslast. Atmosfæren på Ose mellom gamle bygningar må ein berre oppleve.
Salgsbodane er samla i det vesle sentrumet i Ose, ramma inn av den gamle ”Storstoga”, eit til etasjar høgt laftebygg, Ose Turistheim, Ose Ullvare, Ose Grendehus og Coop Marked Ose.
Opplev den intime stemninga mellom trange salgsboder og yrande folkeliv.
På Ose Grendehus er det etegilde med tradisjonsmat der du kan få kjøpt:
Korv m/komle el. poteter
Komper
Setesdalssuppe
Rjomegraut
Spekemat
Gratis inngang på markedet.
Åpningstider:
Lørdag: 11:00–17:00
Søndag: 11:00-17:00
Parkeringsgave kr 100,-
Lenke til påmeldingsskjema:
Bjoren kjem oppover til Ose laurdag og sundag