Hjem | Maskeradefest

Maskeradefest

Fyrste laurdag etter 13. januar kvart år arrangerer Ose Mat og Kultur Maskeradefest på Ose Grendehus.

Tradisjonen i området her er at 20. dag jol feiar borna ut jola og går jolebamsar.

For at me skal halde på denne fine tradisjonen, lagar me au til ein stor maskeradefest for dei over 18 år.  Maskeraden har blitt ein utruleg morosam og festleg kveld med mykje latter og underhaldning.

Her samlast gamle og unge frå heile Setesdalen.

Premiering til beste kostyme kl. 24.00 kvart år.

Høve til overnatting både på Ose Turistheim og Reiårsfossen Camping for dei som måtte ynskje.


Bilder frå maskeraden