Forside

Previous Image
Next Image

info heading

info content

2024

Ose matmarknad 13-14 juli 2024

Skysstasjonen på Ose var eit knutepunkt der langvegsfarande møtte bygdefolk, og der nytt og gamalt kunne utvekslast. Atmosfæren på Ose mellom gamle bygningar må ein berre oppleve.

Salgsbodane er samla i det vesle sentrumet i Ose, ramma inn av den gamle ”Storstoga”, eit to etasjar høgt laftebygg, Ose Turistheim, Ose Ullvare, Ose Grendehus og Coop Marked Ose.

Opplev den intime stemninga mellom trange salgsboder og yrande folkeliv.

På Ose Grendehus er det etegilde med tradisjonsmat der du kan få kjøpt:

Korv m/komle el. poteter
Komper
Setesdalssuppe
Rjomegraut
Spekemat

Gratis inngong på marknaden.

 

Åpningstider:

Laurdag: 1100-1700

Sundag: 1100-1700

Parkeringavgift kr 100,-

 

Link til påmeldingsskjema:

Påmelding stand 2024

Bjoren kjem oppover til Ose laurdag og sundag